Showtimes for the upcoming weekend until the following Thursday are usually
published Wednesday morning, occasionally earlier. Some premieres or special shows are published
further in advance.
Asle (Leo Magnus de la Nuez) og Gerd (Kristi-Helene Giæver Engeberg) møtest i ein liten kystby lengst vest mot havet. Dei får ein son, og for ei tid er lykka fullkommen. Men Asle, sjømannen, er rastlaus og blir dregen mot havet, medan Gerd blir att i bygda, åleine med barnet (Audun Gallefoss). Avstanden mellom dei veks, og spørsmålet blir stilt: Kor mykje avstand toler kjærleiken?
KJÆRAST er regissert av Erik Poppe og byggjer på nobelprisvinnar Jon Fosses einaste originalskrivne manus for film. Filmen er ei historie om kjærleiken og krafta i lengten.